fredag 26. april 2013
mandag 4. mars 2013
Dåp..
Kjekt å printe ut litt nye bilder å pynte med! Var litt fargelaust, så då bretta eg er vifte i papir. Turkis, så klart! Ein lampeskjerm vart surra med svart tråd for anledninga, og plassert på ein lekker loppelampefot.

Dåpsbarnet skein om kapp med sola. Skjønne lillebror! Måtte sjølvsagt prøve meg på pom-poms når anledninga var der.
Det eine bordet, før alle stolane vart sett inntil.
..for Tobias! Sola skein og vi hadde ein nydeleg dag på alle måtar. Vi hadde ei fin stund i kyrkja. Koseleg å pynte huset og feire ilag med flott familie. Vi bestilte deilig thaimat og det var så mange som tilbydde seg å lage kaker, at eg ikkje laga ei einaste ei. Snakk om luksus!
Dagen derpå var det restefest med fleire vennefamiliar. Kjempekoseleg det også. Eg er veeldig glad i å lage til og ha besøk merkar eg. Ekstra kjekt er det når det verkeleg er noko som skal feirast og eg kan slå litt på stortromma med mat, pynt, blomster osv. Kjenner at eg seier JA til meir fest, også i kvardagen!
fredag 18. januar 2013
Lekkert print og glad kopp..
Printet There`s no time like the present minner meg på å nyte øyeblikket. Sjå HER om du er interessert i denne påminninga sjølv.
Eg har skapet fullt av koppar og har ganske strengt koppekjøpeforbud. Kva er vel då meir fantastisk enn at mi snille søster sørger for at eg likevel får denne draumen av ein glad Mari Mekko- kopp i hus?! Det er ikkje alle i familien som ser poenget med at koppen ein drikk av skal vere så veldig fin (eller glad!).. MEN når koppen er glad, blir kaffien glad og for ikkje snakke om den som drikk kaffien; den blir kjempeglad. Og kven vil ikkje at den heimeverandre, babybyssande fruen i huset skal vere glad? Der har vi argumentasjonen for glade koppar i boks gitt.
torsdag 17. januar 2013
There is no time like the present..
Tida går så fort! Lille skatten har blitt 2 1/2 mnd og eg gjer mitt ytterste for å prøve å leve i øyeblikket og nyyyte lille go`ingen til det fulle. Det er ikkje alltid like lett å leve i øyeblikket synest eg. Eg ser på alt eg skulle ha gjort, planlegg kva som skal skje framover og så flyg dagane! MEN no øver eg meg på å nyte. Nyte den varme lille kroppen som ikkje får nok av å ligge inntil mamma`n sin, små fingrar som ikkje vil sleppe fingeren min, den fantastisk mjuke huda, nydelege smil som gjer at eg kjenner det langt nede i magen. Alt dette og mykje meir skal nytast, her og no.
Kom over ein fantastisk blog Gi det videre, der ei supergenerøs dame deler av det ho lagar og tipsar om andre som gjer det. Fann eit print der som blei ein perfekt påminner for meg: "There`s no time like the present". Det er innramma og kome opp i stua. Bilde kjem!
tirsdag 4. desember 2012
Adventskos...
Vi pynter til advent, tenner lys, fyrer i ovnen, baker pepperkaker, gomler pepperkaker, drikk mengder med te og kaffi, klipper, limer, bysser og koser. Adventskos med tid til det vi eigentleg vil ha tid til, DET er fint det!
fredag 30. november 2012
Monstertruckbanekake...
3-åringen var med og pynta og tok på seg ansvaret for å vaske/bade alle monstertruckane lenge og vel før dei skulle på kaka, samt kjøre dei nokre rundar i "gjørma", før han plasserte dei på bana. Lettvint og artig å lage, og ikkje minst kjempepopulær for bursdagsguten. Idèen til kaka er frå Freia sine sider.
I år måtte eg nemleg gå for ei kake eg kunne bake og fryse ned, for så å ta opp igjen når vi bestemte oss for å feire 3 årsdagen. Det måtte heller ikkje kreve så mykje av meg når den skulle pyntast.
Terminen til lillebror var 12 dagar før 3- årsdagen, men sidan han likte seg så godt der inne blei det liksom aldri fødsel og dagane nærma seg storebror sin dag. To dagar før bursdagen, fann vi ut at vi like godt kunne bruke ventetida på noko fornuftig og kalte saman to kjekke vennefamiliar og feira. Storebror fekk vite to timar før gjestane kom, at vi skulle feire bursdagen hans, slik at ikkje skuffelsen skulle bli for stor om riene sette inn og vi måtte avlyse. Då heiv vi oss rundt ( i den grad det er mulig gigantisk- kval- stor og på 10. dag over termin), pynta monstertruckbanekake, blåste opp ballongar osv. Var skikkeleg godt for ho mor å få feire gullgutten skikkeleg!
Er SÅ glad vi gjorde det, for fødselen blei sett i gang på storebror sin bursdag to dagar seinare og født tidleg på morgonen dagen derpå. Så blei det i alle fall kvar sin dag og alt endte godt:-)
onsdag 21. november 2012
Lillebror...
For tre veker sidan kom nydelege lillebror Tobias til oss. Blir lite tid framfor pc-en, men desto meir kos med både den store og den lille no for tida. Tobias har på seg kvit bukse med treknappar, som flinke bestemor har strikka. Ho har også strikka det mjukaste grå teppet til han. Heldige meg kunne berre velge farge og mønster og så kom både hentesett og teppe ferdig i posten.
Ser det er mykje juleinspirasjon å hente ute på bloggane for tida. Gler meg til å begynne å pusle litt med slikt innimellom babykos om dagane.
Fin onsdag til deg som kikker innom!
Ser det er mykje juleinspirasjon å hente ute på bloggane for tida. Gler meg til å begynne å pusle litt med slikt innimellom babykos om dagane.
Fin onsdag til deg som kikker innom!
tirsdag 18. september 2012
Litt fornying i sofakroken...
Hjortepute sydd av kjøkkenhandkle og pute sydd i turkis ullstoff frå eit møbelfabrikkutsalg på Sunnmøre. Turkisfargen kjem ikkje til sin rett her dessverre! Den grå puta har mamma strikka. Synes den er suuperfin!!
Det blir eindel timar på sofa`n på meg for tida, grunna lite samarbeidsvillig bekken. Då blir det ekstra viktig at eg har noko fint å kvile augene på der eg ligg. Nysydde puter, litt teip og ommøblering i tallerkenhylla var det som skulle til. Fornøgd!Er berre fire veker att til termin no, så får vi sjå kor mykje meir ommøblering og putesying det blir før lille vidunderet er her. Ååå, som vi gler oss!!
torsdag 23. august 2012
I mamma si bukse..
Var: Mi litt for trange, altfor lav i livet- dongribukse. Er: Barnehagedongri til Minien.
Det skjer noko rart med meg når magen veks og fødsel nærmar seg: Eg får så lyst til å sy!
Denne gongen har eg blitt superinspirert av syboka SikkSakk der ei knallflink dame viser korleis ein syr barneklede av voksenklede. Genialt, spør du meg! Ingen dårlig samvittighet for bom-kjøp-buksa lengre og omtrent eit gratis prosjekt, sidan ribben og lappane også var restar frå tidligare prosjekt. Merka også at eg ikkje var så redd for å feile, fordi stoffet ikkje var nytt, og ikkje minst var dette veldig artig å prøve.
Den nye bukseeigaren var superfornøgd og ville gjerne bli tatt bilete av i nybuksa. Det var berre litt vanskeleg å stå i ro og følge instruksjonane frå fotografen;-)
Ha ein fiiin dag!
mandag 25. juni 2012
Nyyydeleg burger..
Sommar. Tid for lett mat, flate magar og sommervarme. Eventuelt tidenes beste heimelaga burger, ballongforma mage og heller kjølig temperatur. Det er jo ikkje så verst det heller:-)
Det er så mange fristande matbloggar rundt omkring! Det er typisk meg, når det er noko eg har lyst til å lage, å lese oppskrifter på det samme frå fleire forskjellige bloggar. Som regel blir det endelege resultatet ein salig miks. Denne gongen blei burgeren og dei deilige heimelaga hamburgerbrød frå ei oppskrift på bloggen Cafe Lemonia og ein skikkeleg god chiliaioli med sylteagurk og krydder fann eg på Spis Drikk Lev. Miksen vart, etter mi meining, nyyydeleg. Vi toppa heile junkfoodmåltidet med sprø løkringar (ikkje heimelaga) og det vart på ingen måte feil.
Det skal seiast at det var eit skikkeleg kraftig måltid dette her. Eg måtte rett og slett bruke kvelden for å klare å ete opp alt. (Klarte ikkje la vere heller for det var så godt!) Neste gong blir både burgerane og burgerbrøda litt mindre og flatere!
Eg hadde litt grovt mjøl i burgerbrøda, laga ein god porsjon og putta resten i fryseren. Perfekt med steikte fiskekaker og salat i, ein travel kvardag.
Ha ein herleg sommerkveld du som kikkar innom!
fredag 15. juni 2012
Hei igjen!
| Nye kose-, lese-, leikekroken vår! Spanna frå Ikea er fulle av leiker og kassa under sofaen rommer nokre av bøkene til A. |
Nydelege nattbordet etter bestemor og bestefar.
| Litt rydding på bildelistene måtte til. |
| Det bognar verkeleg av blomster i hagen for tida. Eg plukkar inn og nyt det til det fulle. |
Det tok si tid før neste innlegg kom gitt! Har for så vidt vore mykje rundt omkring og kikka, men ikkje kjent den store bloglysta sjølv. Forma har ikkje vore den beste i vår, men heldigvis har det vore til ei skikkeleg god sak. Det er nemleg ein liten mini som sprellar rundt inne i magen min :) Er no fem månader på veg og viss alt går etter planen kjem lillebror i oktober. Vi gleeeer oss!
No er forma stabilisert og eg er i gang med forandringane eg har klekka ut etter x antall timar på sofaen, der eg har studert alt auge har hatt tilgang til rundt meg. Eg har lenge grubla på korleis eg skulle få til ein krok til i stova vår. Sofaen er gigantisk og heilt genial til sitt bruk, men har liksom berre hatt ei avdeling for avslapping.
Spisestuekroken synest eg var både mørk og litt upraktisk. MEN med skjenken i kjelleren og spisebordet snudd, vart det ein herleg liten krok til leiking, kaffidrikking og lesing. Eg er kjempefornøgd. Lampen, som tidlegare var over spisebordet må flyttast, og jammen trur eg den skal spraymalast og få ny ledning før den kjem opp igjen også.
Det fiiine nattbordet ved sofaen var bestemor og bestefar sitt. Eg har pussa det ned og planen var at det skulle på vårt soverom. Det får stå her ei stund trur eg. Genialt til å setje kaffikoppen på og til oppbevaring av bøker, leiker osv. Dessutan er det kjempestødig om nokon skulle få lyst til å klatre litt på det :)
Ei riktig god helg til deg som kikkar innom! Vi skal i bryllup, gler oss:)
søndag 22. januar 2012
Ny lesekrok...
Vi har fått ein ny lesekrok i stova. Eg har lenge vore fasinert desse turkise 70-tallsmøblane og no har eg jammen fått både toseter og ein svingstol i hus:-) Sofaen er forresten mykje meir turkis enn det ser ut på biletet! Stova er ikkje så stor og har lenge sakna ein stad der eg kan lese Mamma Mø, Mummitrollet, Gubben og katten og Noas ark for minien, utan at TV-en er i sikte. Lampen er julegåve frå mamma og pappa og er kjøpt på Skeidar. Er superfornøgd med den!
No skal eg lade opp til ny veke med ein kopp te og kanskje bittelitt smågodt..;-)
Ha ein fin kveld!
No skal eg lade opp til ny veke med ein kopp te og kanskje bittelitt smågodt..;-)
Ha ein fin kveld!
tirsdag 11. oktober 2011
lørdag 10. september 2011
Barnerom...
Det blei visst ein litt vel lang pause dette her! Har ikkje brukt mykje tid på blogging og data generelt, i det siste, og har tenkt på å gi meg med blogginga. Det er ikkje det at interessen har avtatt, heller det at tida ikkje strekk til. Eg har begynt eit nytt skuleår med full jobb i ei førsteklasse. Med full aktivitet på heimebane i tillegg blir det nok ikkje så tett mellom innlegga framover. Ser det an litt etter kvart om eg gir meg heilt eller ikkje.
Når det er sagt så vil eg vise nokre bilder frå minien sitt rom. Har fått opp to "nye" lampar der inne. Kulelampen er kjøpt på bruktbutikken i heimbygda mi for 50 kr. Taklampen hang i huset vårt då vi kjøpte det og etter ein idè frå Rom123 har den fått trekuler i ulike fargar på ledninga og grønmala ring rundt skjermen. Blei skikkeleg fornøgd om eg skal seie det sjølv :-) . No er det ein bildevegg som er planen. Satser på å få den i havn før jul ;-) !
Fortsatt god helg til deg som er innom!
fredag 8. juli 2011
MAAAT!!...
Potetsalat, tomatkompott og feta-og sitrondipp
Melon-og bringebærsalat og foccatia.
Oksespyd og kyllingspyd.
...roper eitt-og-eit-halvt-åringen og kjem springande ut på kjøkkenet. Kven er han lik, skal tru? Kan det vere mora ;-)?
Eg er nok over middels glad i mat og også over middels glad i å lage mat, i alle fall når eg har tid og overskudd:-) Etter at ferien begynte har eg virkeleg fått testa ut litt på kjøkkenet. I ein travel kvardag blir ikkje utprøving av nye oppskrifter høgt prioriert, så no var det kjekt å prøve noko nytt igjen! Denne gongen var det alternativ til pølse, kotelettar, potetsalat med rømme og grønn salat med dei vanlege ingrediensane, eg var ute etter..
Nokre oppskrifter frå Bolig Liv/ ROM123, ei frå Bolig pluss, ei oppskrift frå Sweet Paul i KK og to eg hadde frå før, vart etter nokre timars kokkelering, eit herleg måltid. Med mamma, søstra, mannen, minien og meg sjølv som testpanel vart vi einige om at dei nye oppskriftene glatt kunne leggast til grillrepotuaret. Men trur ikkje eg gidd å lage alt samtidig på ei stund igjen enda :-)
Potetsalat med dill, mandlar og parmesan, feta og sitrondip, søt tomatkompott, melon og bringebærsalat, grillspyd med yoghurtmarinert (+ indiske krydder) oksekjøtt, lime/garam masala- marinert kyllingspyd og foccatia. Mange spennande smakar!
Ha ein fin sommerkveld der ute!
Melon-og bringebærsalat og foccatia.
Oksespyd og kyllingspyd.
...roper eitt-og-eit-halvt-åringen og kjem springande ut på kjøkkenet. Kven er han lik, skal tru? Kan det vere mora ;-)?
Eg er nok over middels glad i mat og også over middels glad i å lage mat, i alle fall når eg har tid og overskudd:-) Etter at ferien begynte har eg virkeleg fått testa ut litt på kjøkkenet. I ein travel kvardag blir ikkje utprøving av nye oppskrifter høgt prioriert, så no var det kjekt å prøve noko nytt igjen! Denne gongen var det alternativ til pølse, kotelettar, potetsalat med rømme og grønn salat med dei vanlege ingrediensane, eg var ute etter..
Nokre oppskrifter frå Bolig Liv/ ROM123, ei frå Bolig pluss, ei oppskrift frå Sweet Paul i KK og to eg hadde frå før, vart etter nokre timars kokkelering, eit herleg måltid. Med mamma, søstra, mannen, minien og meg sjølv som testpanel vart vi einige om at dei nye oppskriftene glatt kunne leggast til grillrepotuaret. Men trur ikkje eg gidd å lage alt samtidig på ei stund igjen enda :-)
Potetsalat med dill, mandlar og parmesan, feta og sitrondip, søt tomatkompott, melon og bringebærsalat, grillspyd med yoghurtmarinert (+ indiske krydder) oksekjøtt, lime/garam masala- marinert kyllingspyd og foccatia. Mange spennande smakar!
Ha ein fin sommerkveld der ute!
lørdag 11. juni 2011
Tunfiskrøre og frokostdessert...

Det er så godt med slike fredlege morgonar. Ikkje fredleg i den forstand at ein kan sove til ein sjølv vaknar, men meir det å ha tid til å dekke skikkelig frokostbord, lage god frokost og ete, slappe av og kose seg ilag. Utan tidsskjema. Det er ein god start på dagen det. I dag fekk eg lyst på tunfiskrøre, og på varme rundstykker var det dirkete nydeleg. Dei to andre rundt bordet var visst einige og vi gomla og kosa oss alle tre.
Noko av luksusen med slike helgefrokostar er at vi unner oss "frokostdessert". I dag var det kaffelatte og heimelaga cookies, ikkje daglegdags og dermed ekstra luksuriøst for oss her i heimen :-).
Her er ca.- oppskrift på tunfiskrøra om noko er interessert:
Tunfisk på boks
hakka rødløk
paprika i små bitar
litt mais
litt rømme
litt meir majones
litt salt
meir pepper
enda meir karri
Bland saman, less på varme rundstykker ilag med salat og tomat og nyyyyt!
Ha ein fiiin laurdag!
torsdag 9. juni 2011
Litt stueoppfrisking og batterilading...
Det blei omsider litt stueoppfrisking her hos oss. Ting tar tid og blogging har ikkje vore høgt prioritert i den travle kvardagen. No har kroppen gitt sine signal på at det er på tide å slappe av og derfor har eg hatt eitpar rolege dagar og lada batteriet. Då fekk eg også tatt meg ein liten knipserunde :-) .
søndag 29. mai 2011
Aktiv matros..
..av med lokket, oppi puffen, sette seg ned, dukke opp igjen, klatre ut, klatre oppi igjen. Minien var i full aktivitet på rommet sitt etter endt dag med konfirmasjon iført matrosdress. Var visst mykje som skulle ordnast der inne før han var klar for kveldsgrauten:) Skjønningen!!
søndag 15. mai 2011
Paris love og Dynamitt- Harry...
Paris love - bildet og det blomstrete stoffet er nyanskaffelsar til stua. Føler for å friske opp litt, og helst på ein kjapp og alldeles nydelig måte. Det er jammen lettere sagt enn gjort.. Men eg synest dette bildet var veldig tøft og blei inspirert til å dra inn litt rosa og rødt i stua igjen. Er ikkje så mykje av det ellers her, men no er det jo vår og då er det lov å gå litt amok med fargane! (Er vel strengt tatt det ellers i året også..). Fann det fine stoffet på bruktbutikken i påska. Blått går alltid igjen hos oss. Perfekt til ei pute i sofaen. Satsar no på stueoppfrisking!
Den store dynamittkassa som den vesle dynamitt- Harryen sitt oppe i, fann vi i kjelleren vår. Fekk den tydelegvis med på kjøpet då vi kjøpte huset vårt. Var eindel sementrestar i den, men reingjering pågår og hjula er kjøpt inn, så eg trur det kan bli riktig så bra.
No ventar senga og videre ei ny arbeidsveke med eit herleg avbrudd på tirsdag. Minien har fått ny matrosdress og har vifta med flagg og ropt heia heia i mange dagar allereie. Klinkande klar for sin andre 17. mai med andre ord. Trur det kan bli artig eg!
fredag 6. mai 2011
For tida...
...plukker vi inn vårblomstrar frå eigen hage, utforskar nærområdet i strømpebukse og nye joggesko, finn nye bildefavorittar og anna knas til det nye gjesterommet i kjelleren og lagar mengder av smoothies i den nye blenderen vår.
Vi har det godt!
Abonner på:
Innlegg (Atom)

















